www.torun.z.pl - Accomodation

RusskiyNorskFrancaisPolskiEnglishNasz torun

 Logo witryny

Soga om det gamle rådhuset.

Då trettanårskrigen slutta i 1466 vart Chelminska-området, og Torun med det, atter ein del av det polske kongedømet. Dette var byrjinga på ei fredeleg tid med god vokster. Etter eit møte med bystyret let ordførar Henryk Stroband byggja opp att det gamle rådhuset. Der vart halde bystyremøte og festar, og handelsfolk selde varene sine.
Antoni von Obberghen fekk byggjejobben, noko han var særs glad for, sjølv om jobben var vanskeleg. Rådhuset skulle verta ein eineståande bygning. Obberghen valde å byggja det som ein kalendar: Det var eitt stort tårn som i eitt år, fire mindre som i dei fire årstidene, tolv store rom som i tolv månader, og 52 mindre som i 52 veker. Heile bygningen hadde 365 vindaugo, som dagar i eit år. I skotår bygte ein murar eitt ekstra rom for 29. februar. Då skotåret slutta vart dette rommet innmura. Soleis har rådhuset vorte ombygt mange gonger, og i dag kan det vera vanskeleg å finna att meistar Antoni sin kalendar. Det er framleis eitt stort og fire mindre tårn, men om det enno er 365 vindaugo er ikkje lett å seia. Kan henda du vil telja dei sjølv når du vitjar det gamle rådhuset i Torun.

wstecz home

Hosting, serwery wirtualne
Copyright © 2007 "Nasz Toruñ"
torunski sport szkolny